LingoBrett UB, Vinstra vgs

Identiteten vår er tett kopla mot kultur, kulturarv og språk. Dei norske dialektene er ein viktig del av dette, men mange dialekter i distrikts-Norge er i ferd med å bli utvatna. Kan ei ungdomsbedrift gjere noko med dette? LingoBrett UB frå Vinstra vidaregåande skule kan!

Lingo Brett UB

LingoBrett UB har utvikla eit brettspel der du kan utforske den lokale dialekta, nærmare bestemt dialekta frå Heidal, ein sidedal til Gudbrandsdalen. Gjennom spørsmål, oppgåver og kreative utfordringar lærer spelarane unike ord og uttrykk. Brettspelet kombinerer språklæring og kulturforståing og passar for alle aldersgrupper. Målet til LingoBrett UB er å gjere læring engasjerande og å ta vare på språkmangfaldet.

Språk og dialekter er ein viktig del av vår identitet. I mange bygder, inkludert Heidal og andre delar av Gudbrandsdalen, har dialekta tradisjonelt vore ein viktig del av kulturen og samhaldet. Dei siste åra har det vore ein aukande trend der folk, og spesielt dei unge, endrar på dialekta når dei flyttar til større byar.

Arne Torp, ein kjend språkforskar, har uttalt at «hvis du mister dialekten din, mister du en del av deg selv». Dette illustrerer kor viktig dialekta er for personlig og kulturell identitet.

LingoBrett UB har som mål å utvikle eit unikt brettspel der ein kan lære norske dialekter på ein underhaldande måte. Ideen bygger på følgande kjerneverdiar:

  • Læring gjennom leik – dialekter blir formidla på ein morsom og engasjerande måte.
  • Bevaring av kulturarv – dialekter er ein viktig del av norsk identitet, og elevane ønsker å bidra til at dei kan leve vidare.
  • Lokal forankring – spelet er skapt med inspirasjon frå Heidal, men har potensial til å kunne utvide med fleire dialekter.

På NM deltar LingoBrett UB i følgande konkurransar:

  • Beste ungdomsbedrift
  • Innovasjonsprisen
  • Beste samarbeid med næringslivet
  • Kulturnæringsprisen
  • Størst verdiskapingspotensial

Deltakarar i bedrifta

LingoBrett UB består av Kevin Roven Arnesen og Syver Hølmen Arntsen.

Kontaktpersoner

Kevin Roven Arnesen, daglig leiar i LingoBrett UB, epost: kevin.roven.a@gmail.com, tlf. 93432463

Ingunn Teige Spjotum, ansvarlig lærar, epost: ingspj@innlandetfylke.no, tlf. 92433155

Inger Elin Nes Hjelle, Ungt Entreprenørskap Innlandet, epost: inger.elin.nes.hjelle@ue.no, tlf. 97178941

Meir informasjon

Nettsida til LingoBrett UB

LingoBrett UB på Facebook

Lingo Brett produkt
Lingo Brett UB