Kategorier og kriterier
Det blir fem konkurransar på årets elevbedriftsmesse. Juryane gjennomfører samtale/intervju med elevbedriftene på stand.
- Beste elevbedrift
- Beste team
- Beste kundeoppleving
- Beste grønne entreprenør
- "Spis#MerAv"-prisen
1. Beste elevbedrift
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Elevane har gode kunnskapar om produktet og eventuelle konkurrentar i marknaden.
- Elevbedrifta har marknadsført seg på ein god og tydelig måte.
- Elevbedrifta framstår som eitt team, og med tydelig ansvarsfordeling.
- Elevbedrifta har god kunnskap om dei ulike fasane i å drive elevbedrift.
- Elevane er bevisste på kva dei har lært av å drive elevbedrift.
- Elevbedrifta har god orden i økonomien sin.
- Elevbedrifta har arbeidd med eitt eller fleire bærekraftsmål.
2. Beste team
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Oppgåver er fordelt ut frå talent, eigenskapar og ynskjer om personlig utvikling.
- Teamet reflekterer godt om korleis dei har fungert saman, og har sett i verk tiltak for å utvikle godt samarbeid og arbeidsmiljø.
- Teamet reflekterer rundt kva dei har lært gjennom samarbeidet i elevbedrifta.
3. Beste kundeoppleving
Prisen går til den elevbedrifta som gir ei god oppleving til besøkande, med følgande kriterium:
- Salgs- og presentasjonsteknikk, produktkunnskap og samspel.
- Serviceinnstilling overfor kundane.
- Marknads- og standmateriell er utforma på ein bærekraftig måte, med tanke på gjenbruk og ombruk.
- Korleis ser utstillinga ut, kva inntrykk får vi av bedrifta gjennom utstillinga, samsvar mellom utstilling og forretningsidé.
4. Beste grønne entreprenør
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Elevbedrifta har utvikla nyskapande produkt (varer/tenester) som bidrar til bærekraftig utvikling gjennom eit meir bærekraftig forbruk.
- Elevbedrifta har ein marknad for produkta sine.
- Elevbedrifta bidrar til å løyse eitt eller fleire av FNs bærekraftsmål.
5. «Spis#MerAv»-prisen
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Elevbedrifta tilbyr produkt (varer/tenester) som bidrar til at fleire vel å spise #MerAvGrovtGrøntogBlått, og viser korleis dette heng saman med kostråda. Dette kriteriet blir mest vektlagt.
- Elevbedrifta har ein marknad for produkta sine, og bidrar til matglede med vekt på smak, trivsel og sosialt fellesskap.
- Elevbedrifta kan forklare kva for bærekraftige vurderingar og tiltak dei har gjort.
- Elevbedrifta har fokus på nyskaping og kreativitet.