Regionmesterskap for ungdomsbedrifter frå Gudbrandsdalen

12 ungdomsbedrifter frå Vinstra vgs og Nord-Gudbrandsdal vgs deltok på regionmesterskapet som blei avvikla 27. og 28. januar. Ungdomsbedriftene kunne melde seg på i fem kategoriar. I to av kategoriane blei det gjennomført intervju med jury på Teams onsdag 27. januar.

Torsdag 28. januar var det klart for livesending, trygt leia av UB-lærar Ingunn Teige Spjotum og leiar i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Birgitte Bay.

U Bmesse Vinstra 2021

I løpet av livesendinga fikk ungdomsbedriftene vist seg fram via videopresentasjonane dei hadde sendt inn. I tillegg deltok ein lokal gründer, Silje Flatmoen, som driv kafeen Hev Ringebu. Programleiarane hadde også ein prat med to lokale ildsjeler på Otta som er mentor for kvar sin ungdomsbedrift.

Livesendinga blei avslutta med prisutdeling i dei fem konkurransane.

Resultat Regionmesterskap for ungdomsbedrifter i Gudbrandsdalen 2021

Beste videopresentasjon

1. plass: Fjellgodt UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
2. plass: Kvitre UB, Vinstra vgs
3. plass: Vaktmestergutein UB, Nord-Gudbrandsdal vgs

Beste logo

1. plass: Klæståk UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
2. plass: Fjellgodt UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
3. plass: Kvitre UB, Vinstra vgs

Bærekraftprisen

1. plass: Fjellgodt UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
2. plass: Klæståk UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
3. plass: Grønn Box UB, Vinstra vgs

Beste team

1. plass: Matbætta UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
2. plass: Lysglimt UB, Vinstra vgs

Beste forretningsplan

1. plass: Fjellgodt UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
2. plass: Klæståk UB, Nord-Gudbrandsdal vgs
3. plass: Lysglimt UB, Vinstra vgs