Skaperverkstad + elevbedrift = sant!
Elevane på 9. trinn ved Vang barne- og ungdomsskule (VBU) boblar over av idear om dagen. Til våren skal dei nemlig drive sine eigne elevbedrifter, med forretningsidear dei har kome på sjølve. Nytt av året er samarbeidet med den nye skaperverkstaden Jokerspace på Ryfoss.
Kreativitet og teknologi hand i hand
Ungt Entreprenørskap Innlandet har alltid ei oppstartsøkt med klasser som skal i gang med elevbedrift. For elevane på VBU blei dette kombinert med ein juleverkstad på Jokerspace, der elevane fikk lære om og prøve utstyr som 3D-printer, laserskjærer og foliekutter. Undrar du deg over namnet Jokerspace? Skaperverkstaden ligg i bygget til den lokale Joker-kjøpmannen, og då måtte namnet sjølvsagt bli Jokerspace!
Béatrice Bieuville i Skaperkraft Valdres hadde regien på juleverkstaden, og elevane fikk øve på både programmering og produksjon. Béatrice er for øvrig svært opptatt av at teknologi også kan brukast i samband med tenester:
"Programmering og teknologi er viktige kompetansar for framtida, uansett om ein skal jobbe i bilverkstaden eller i helsesektoren."
Elevbedrifter får drahjelp på skaperverkstaden
Inger Toril Holte Breien i Ungt Entreprenørskap Innlandet ser mange naturlige koblingar mellom entreprenørskap og skaperverkstader. Elevbedriftene kan få inspirasjon og teknologisk hjelp i utviklinga av forretningsideane sine, eller dei kan bruke utstyret til å lage materiell til marknadsføring.
"Det er viktig at elevane får kjennskap til dei ressursane og muligheitene som fins lokalt. Når dei får prøve utstyret på skaperverkstaden, kan dei bli inspirert til å bruke det i sine eigne elevbedrifter."
Spennande og lærerikt også for lærarane
Lærarane frå Vang var også aktive og engasjerte deltakarar på juleverkstaden. Lisbeth Constanse Engebretsen skal ha hovedansvaret for årets elevbedrifter. Ho har tidligare jobba med ungdomsbedrifter i vidaregåande skule, så konseptet er ikkje ukjent. Ho og dei andre lærarane satte stor pris på å bli kjent med Jokerspace.
"For at vi lærarar skal rettleie elevane på ein god måte og hjelpe dei med å finne gode forretningsidear, er det avgjerande at vi også kjenner til dei ressursane vi har tilgjengelig i nærområdet vårt, inkludert her på Jokerspace."
Elevbedrift på «Vangsmåten»
Samarbeidsavtalen mellom Ungt Entreprenørskap Innlandet og Vang kommune blei inngått i 2019. Dette er altså det andre kullet ved skulen som får vere del av samarbeidet. I Vang har dei vore opptatt av å drive elevbedrift på «Vangsmåten», men kva inneber eigentlig det?
I år kom ideen om oppstart på Jokerspace på bordet, på eit planleggingsmøte der skulen, UE, Skaperkraft Valdres og Innovangsjon deltok. Den umiddelbare reaksjonen frå skulen var positiv, og inspektør Agata Ewa Gniewek Bøe satte i gang med å koordinere aktivitetar og få ting til å skje.
Nettopp denne positive innstillinga er også kjernen i «Vangsmåten». I staden for å møte nye idear med å stille kritiske spørsmål og peike på mulige problem, er dei i Vang svært opptatt av å ta vare på alle positive initiativ, støtte gode idear og oppmuntre til vidare engasjement. Dette passar godt overeins med pedagogikken til Ungt Entreprenørskap, og dermed skulle det ligge godt til rette for eit godt og fruktbart samarbeid i mange år framover!