Ungdomsbedrifter frå Gudbrandsdalen samla på Regionmesterskap

Fritt Vilt UB 2022

Endelig kunne ungdomsbedriftene frå Gudbrandsdalen møtast til eit fysisk arrangement igjen! Med Peer Gynt-senteret som møteplass fikk dei både sjansen til å møte publikum og få gode samtalar og konstruktive tilbakemeldingar frå jurymedlemmene.

Fritt Vilt UB produkt

Fem prisar til Fritt Vilt UB

Ungdomsbedriftene frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og Vinstra vidaregåande skule konkurrerte i seks kategoriar. Det blei storeslem til Fritt Vilt UB som tok heile fem førsteplassar (sjå resultatliste under).

Fritt Vilt UB tilbyr lokalprodusert kraft og brukar deler av dyret som ellers ville blitt kasta. Dermed bidrar dei til redusert matsvinn og bærekraftig bruk av blant anna vilt.

Også dei andre ungdomsbedriftene hadde forretningsidear som slo godt an blant dei frammøtte: Gavekortapp, putepledd og arrangementsservice er blant ideane som unge gudbrandsdøler vil satse på.

Fylkesmesterskapet neste

31. mars arrangerer Ungt Entreprenørskap Innlandet Fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter. Regionmesterskapet er ein nyttig øvingsarena og gir ungdomsbedriftene gode innspel til kva dei kan jobbe vidare med fram mot Fylkesmesterskapet.

Resultatliste Regionmesterskapet på Vinstra 2022

Beste ungdomsbedrift

  1. Fritt Vilt UB
  2. UB Discount
  3. Driftog UB

Beste videopitch

  1. Driftog UB
  2. UB Discount
  3. VBS UB (Fyr og flamme UB)

Beste forretningsplan/-modell

  1. Fritt Vilt UB
  2. UB Discount
  3. Norgesljos UB

Beste logo

  1. Fritt Vilt UB
  2. UB Discount
  3. Driftog UB

Bærekraftprisen

  1. Fritt Vilt UB
  2. Driftog UB

Beste kundeoppleving på stand

  1. Fritt Vilt UB
  2. NonCubitus UB
  3. UB Discount
Non Cubitus UB 2022
Norgesljos UB 2022
UB Discount 2022
VBSUB 2022
Driftog UB 2022