Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal styrker laget

Vi har gleda av å informere om at Inger Synnøve Remme er tilsett som rådgjevar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal. Ho kjem frå stillinga som næringssjef i Ålesund kommune.

Portrett Inger Synnove

Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

- Vi er svært glade for at Inger Synnøve blir med på laget for å utvikle Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal vidare. Ho kjenner både Ungt Entreprenørskap og undervisningsprogramma våre godt, og har gjennom ei årrekke vore ein aktiv brubyggar mellom skule og næringslivet.

Med hennar breie kunnskap om regionen og næringslivet, store nettverk og faglige bakgrunn er vi sikre på at ho vil tilføre oss verdifull kompetanse, seier dagleg leiar Lars Øyvind Baltzersen i UE Møre og Romsdal.


Remme startar i stillinga 1. august. Ho skal ha kontorstad Ålesund, men vil ha heile sunnmørsregionen som arbeidsområde.