Skapande læring: Eit nytt syn på norskundervisning

Norskfaget handlar ikkje berre om grammatikk og ordforråd, men og om å kunna nytta norskfaglege dugleikar i ulike kontekstar. Elevbedrift kan vera ein moderne og relevant måte å ta norskundervisninga ut av den tradisjonelle klasserommet og inn i verkelegheita på.

Det nye læreplanverket gir rom for å driva meir praktisk undervisning i faga, med eit verdigrunnlag om skaparglede, engasjement og utforskartrong for å fremja læring og lærelyst. Når fagfornyinga opnar for at elevane skal vera kreative, nyfikne, skapande og utforskande er det på tide å spørja seg om elevbedrift kan vera ein gunstig metode å nytta i norskfaget, som er det største faget i skulen med eit særleg ansvar for dei norskfaglege grunnleggjande dugleikane. Dette var utgangspunktet for masteroppgåva Karina Kallevåg skreiv i norsk på grunnskulelærarutdanninga 5-10.

Pantina EB 2023 2 jpg GDPR godkjent 2

Kvifor skal norsklærarar driva elevbedrift i undervisninga?
Mange norsklærarar ser ikkje relevansen til å nytta entreprenørskap som metode for å nå måla for faget. Masteroppgåva «Skriv vi denne her fint så kan vi kanskje få eit ja» set elevbedrift i norskfaget på dagsorden, og viser tydleg at elevbedrift kan vera ein eigna metode å driva norskundervisning på, i tråd med kva fagfornyinga ventar av lærarane.

Forskingsmaterialet klargjer kor breitt elevbedriftsarbeidet er. Funna vitnar om at samarbeid, sjølvstende, ansvar og relevans til livet utanfor skulen fører til norskfagleg arbeid, og særleg utvikling av skrivedugleik, munnleg dugleik og digital dugleik. Både lærarane og elevane er positive til elevbedrift som metode fordi elevane, med autentiske føremål, får erfara viktigheita av å utvikla og meistra dei norskfaglege grunnleggjande dugleikane.

Masteroppgåva gir oss grunn til å oppfordra norsklærarane til å tørra å gi rom for prosjekt om Elevbedrift. Det handlar om å gi elevane praktiske oppgåver og utfordringar som speglar verkelege situasjonar kor viktige norskfaglege dugleikar nyttes til kommunikasjon, samarbeid og kreativitet. Med denne artikkelen ønsker vi å visa norsklærarar at ein kan nytta elevbedrift som ein inspirerande og effektiv metode for å læra norsk, samstundes som elevane får verdifull erfaring som dei kan ta med seg inn i framtida.

Korleis driva elevbedrift i norskfaget?

Vidare i artikkelen kan ein lesa konkrete døme frå forskinga i masteroppgåva på korleis ein kan utvikla dugleik i skriving, lesing, munnleg dugleik og digital dugleik gjennom elevbedriftsarbeid. Dette kan ein nytta som argumentasjon og inspirasjon til eiga norskundervisning.


Elevane opplev skrivinga som meiningfull

Masteroppgåva gjer det klart at det er ein fordel å kunna skriva korrekt og føremålstenleg for å delta i samfunnet som ei bedrift. Og då vil skriveøvingane som å skriva ein instruksjon, rapport eller ein bedriftskatalog ha ein praktisk og funksjonell nytteverdi for skrivar og lesar. Dette gjer elevane i stand til å delta i tekstkulturar som dei møter i framtida. Fordelen med elevbedrift som metode er at skrivinga har tydlege føremål og tydlege mottakarar. Den relevante konteksten og autentiske skrivesituasjonen gjer at oppgåvene opplevast som meiningsfulle for elevane. Dette kan gjera elevane engasjerte og gi ein indre motivasjon, fordi skrivehandlingane fører til noko positivt for dei.


Elevane må kunna lesa for å driva bedrift

Funn i masteroppgåva viser at arbeid med elevbedrift skapar eit nytt behov for kva tekstar elevane skal kunna lesa, enn det dei vanlegvis møter i skulen. Lærarane i studien trakk fram lesing som eit viktig område i elevbedrift, til tross for at entreprenørskap er ei praktisk undervisningsform, fordi elevane må kunna lesa for å vera i stand til å driva ei vellykka bedrift i dagens samfunn.

Det som er unikt med elevbedriftsarbeidet er at elevane les tekstar som er arbeidsrelaterte, tett på verkelegheita, og som dei vil møta seinare. Elevane nyttar lesing som eit middel for å forstå og nytta innhaldet i brukarrettleiingar, informasjonsskriv, instruksar, oppskrifter, søknadar, skjema og statistikk, og slike tekstar består gjerne av bilete, tabellar og andre modalitetar.

Lesinga heng i stor grad saman med det praktiske arbeidet som elevbedrift er tufta på. Til dømes les elevane for å læra å kløyva ved, andre for å få inspirasjon til internasjonale bakeoppskrifter, avhengig av kva forretningsidé bedrifta har. Ettersom elevane har valt konsept for bedrifta si sjølve, legg arbeidet opp til at elevane kan velja å lesa tekstar som dei har interessere av, og som opplevast meiningsfulle og relevante for dei. På denne måten utviklar elevane lesedugleik for å vera i stand til å lesa meir utfordrande tekstar gjennom entreprenørskap og elevbedrift


Elevane får erfaring med ulike munnlege situasjonar

Materialet for studien viser at elevane får prøvd seg på eit breitt spekter av munnlege aktivitetar. Funna gjer det tydleg at pedagogisk entreprenørskap fører til retorisk arbeid, og arbeid med dei munnlege sjangrane presentasjonar, samtale, forteljing og lytting. Eit fellestrekk for alle dei munnlege aktivitetane gjennom entreprenørskap og elevbedrift er at dei har autentiske føremål.

Til dømes viser forskingsmaterialet at elevbedriftsarbeid inneber å halda presentasjonar for ulike føremål og mottakarar. I motsetnad til dei oppkonstruerte presentasjonane i klasserommet meinte både lærarane og elevane i studien at elevbedrift gir elevane moglegheit for reelle presentasjonar, for andre mottakarar enn dei vanlegvis gjer, gjerne ukjente personar i maktposisjonar som politikarar eller rektorar. Denne form for øving, erfaring og moglegheit for meistringskjensle er unik for elevbedriftsarbeidet. Elevane uttrykte at dei tok med seg lærdommen frå slike autentiske presentasjonar inn i framtida kor dei kan kome opp i liknande munnlege situasjonar.

Ein elevbedriftslærarar som vart intervjua viste til at elevane viste stor grad av profesjonalitet på fylkesmessa, ved å innta ei bedriftsmedlem-rolle, samstundes som dei var seg sjølv. I det la læraren at elevane opptredde seriøst og var medvitne på ordval, samanlikna med korleis dei snakka til kvarandre, og henne, i klasserommet. Ved å framstå som ordentlege bedriftsmedlemmar, og formulera seg deretter, viste elevane at dei tok omsyn til viktig retorisk kompetanse.

Når det gjeld kommunikasjon med kundar er det moglegheiter for å gi elevane øving i retoriske kompetanse. I intervjua kom det fram at ein typisk samtale for ei elevbedrift er munnleg utsal i til dømes butikk. Det at elevaer får øving i samtale med autentiske kundar på den måten er unikt i skulesamanheng. Ein lærar fortalte at elevane har ei meir profesjonell tilnærming når dei inntek rolla som bedriftsmedlem i møte med kundar. Dei snakka på ein passande måte til kundane sine, sjølv om kunden var familiær.


Elevane utviklar digital kompetanse og dømmekraft

Digitaliseringa krev at elevane, også som ei bedrift, handterer mange ulike digitale verktøy, sosiale medium og nettressursar. Materialet avdekker fleire ulike digitale plattformar elevane fekk erfaring med i arbeid med elevbedrift, til dømes OneNote, Word, PowerPoint, Facebook, Instagram, Snapchat, Tik Tok og UE sine nettressursar. Gjennom elevane sin aktive bruk av digitale plattformar kjem det fram at digital dugleik vert ein naudsynt dugleik for å kommunisera med andre menneske og utføra prosjekter på ein meir effektiv, produktiv og føremålstenleg måte som bedrift.

Elevbedriftsarbeidet krev at elevane utviklar dømmekraft til å nytta Instagram på ein føremålstenleg måte som bedrift. Elevane produserer innhald som formilda bodskapet deira på ein variert, kreativ og overtalande måte. Å driva med Instagram som ei elevbedrift handlar om å læra korleis ein opptrer som ei bedrift på sosiale medium, med føremålstenleg språkbruk og val av passande uttrykksformer.

Materialet trekkjer fram ei viktig side for kvifor det er sentralt med kjeldetilvising, og det er i høve opphavsrett. To lærarar gjorde det klart at elevane viste liten grad av digital dugleik når det gjeld opphavsrett, i til dømes utvikling og nytte av logo til elevbedrifta si. Elevbedriftene skårar dårleg på «beste logo» konkurransen på fylkesmessa dersom ein nyttar ein anna bedrift sin logo, særleg dersom ein ikkje refererer til kor ein har henta inspirasjonen frå. Tilbakemelding frå lærar og trekk frå jury kan vera med på å auka elevane sitt medvite for på kva måte ein må vera sjølvstendig, kreativ, skapande og innovativ når ein opptrer som ei bedrift. Slik opna elevbedriftsarbeidet for moglegheit til å læra om tydinga av opphavsrett.


Basert på forskingsmaterialet til masteroppgåva meiner Kallevåg at ein med god grunn kan driva Elevbedrift i norskfaget, samstundes som ein sikrar elevane moglegheit til å utvikla norskfagleg kompetanse. Ho tenker masteroppgåva er eit viktig bidrag til dei norsklærarane som mangla fagleg støtte for å setja i gong prosjekt om Elevbedrift og håpar fleire lærarar ser verdien i Elevbedrift som metode i norskundervisninga.

Les masteroppgåva her.


Bilde Karina Kallevag 2023 zoom

Karina Kallevåg er 24 år gammal og kjem frå Bømlo. Våren 2023 fullførte ho grunnskulelærarutdanninga 5-10 ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Tema for masteroppgåva var entreprenørskap og elevbedrift i norskfaget.

No er ho lærar på Slåtthaug skole, mellom anna som elevbedriftslærar i Arbeidslivsfag.