Mo2 UB - Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde

Mo2 team
Mo2 logo
Mo2 produkt

Mo2 UB er ei berekraftig og nyskapande bedrift som produserer gardsmat og tradisjonsrik vestlandskost som smalahove og pølser med eigenprodusert oppskrift. Ungdomsbedrifta har solgt alt som har blitt produsert, og etterspørselen frå kundane er fortsatt stor. Dei har sitt eige gardsutsal i tilknyting til skulen, og er opptekne av bærekraft ved at kundane får høve til å handle lokalt. Som dei sjølv seier vil kunden få ein "heimekjær" stad å handle. Alle råvarer blir utnytta maksimalt ved at dei bruker heile dyret i sin matproduksjon. Lokalproduksjon - lokal marknad. Bedrifta har eit godt samarbeid med lokale råvareleverandørar og foredlingsanlegg for kjøt i området.


Mo2 UB representerer Vestland fylke under NM for Ungdomsbedrifter 2021 i kategoriane "Jord-Fjord-Bord prisen" og "Beste rekneskap"


Her kan du sjå videopitchen som bedrifta har laga i samband med NM deltakinga.


Ungdomsbedrifta høyrer heime på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde, og medlemmane i bedrifta er alle elevar på Naturbruk.


Deltakarane i bedrifta er: Anette Helen Bakkebø (dagleg leiar), Severin Dyregrov, Sølve Eikeland, Mari Solheim, Jonas Grønvold, Jakob Erdal Byklum, Kristoffer Gåsemyr, Mina Berentzen


Kontaktinfo til dagleg leiar Anette Helen Bakkebø: Anette.bakkeboe@gmail.com Tlf. 477 09 457


Ansvarleg lærar for bedrifta er Gert Runar Rørvik: gert.runar.rorvik@vlfk.no Tlf. 952 23 216


Mo2UB på Facebook


Kontakt Ungt Entreprenørskap Vestland for meir informasjon:

Eivind Husabø, rådgjevar

eivind.husabo@ue.no

Tlf 415 30 660