Program Førde
Registrering
Ved ankomst på Førde vidaregåande skule må ein frå kvar bedrift (gjerne dagleg leiar) møte ved info-desken midt i messeområdet ved kantina. Registreringa åpnar kl. 09.15, og alle må være på plass til kl. 10.00 - då startar åpninga av meisterskapet frå auditoriet.
Stand
Alle ungdomsbedrifter får utdelt eit standbord ved ankomst. Det vil ikkje vere veggar bak standbordet. Her kan ein selga produkt eller vise fram sin bedrift med f.eks. skjerm. Les regler og tips om oppsett her: https://www.ue.no/vestland/inf...
Lunsj
Til lunsj får alle ungdomsbedrifter utdelt ein baguett pr. person i bedrifta (inkl. lærar). Lunsj blir servert i standområdet frå kl. 12.00. Hugs at dette kanskje er ein lang dag så vi anbefalar dykk å ta med drikkeflaske og gjerne frukt eller anna påfyll for å holde heile dagen. Det er også kantine på Førde vgs. Der vil det vere mulig å få kjøpt mat/drikke ved behov.
Intervju
Dei fleste ungdomsbedrifter vil delta i konkurranser som krevjer intervju med juryen. Dei vil skje i ulike klasserom/grupperom. Crew vil vere tilgjengelig for å vise veg til romma. Informasjon om kva interjvu ein skal møte til når vil bli tilsendt ungdomsbedrifter på e-post eit par veker før. Det er viktig å sjekke tidene og ha kontroll på kva intervju ein skal møte til når. Eit intervju varer 5-7 minutter, og vil gå rett på sak. Les konkurransekriteria som forberedelse.
