Tidligere problemstillinger (2023)

BERGEN og AUSTEVOLL

Fiskene i merdene våre spiser mye fiskefôr, og det blir en god del avfall i form av matrester og avføring.

I dag har vi teknologien for å samle opp dette avfallet, men både levering av fiskefôr og opphenting av avfallet er en stor og komplisert jobb.

Hvordan kan vi, ved hjelp av teknologi, løse denne kompliserte jobben på en SMARTere måte, og til og med kanskje utnytte det som en ressurs i fremtiden?



ASKØY

For at vi skal få reint drikkevann så er vi avhengig av at det regner jevnt og trutt, hvis ikke så går vannkvaliteten ned, og vannet renner ut i sjøen eller fordamper uten at vi kan dra nytte av det. På Askøy har vi ikke store ferskvannskilder så her er det allerede et reelt problem.

Hvordan kan vi, ved hjelp av teknologi, sikre alle innbyggerne reint vann selv i tørre perioder på en bærekraftig måte?



ALVER

Mange elevar opplever å ha skulevegring. Det betyr at dei har lyst til å gå på skulen, men ikkje får det til på grunn av at dei er redd for å vere der. Det kan vere mange grunnar til denne redselen, og nokon av desse elevane føler seg utrygge fordi det å få og behalde vener på skulen kan vere vanskeleg. Mange føler seg utanfor og nokon opplever dessverre mobbing.

«Korleis kan vi, ved hjelp av leik, spel, musikk eller anna teknologi, førebygge eller hindre skulevegring for barn og unge?»




BJØRNAFJORDEN og TYSNES

Ein del av maten som fisken får, søkk til botn utan at den blir spist av fisken. Vi ønskjer å avgrense vår påverknad rundt laksemerdane, i størst mogleg grad.

«Korleis kan vi ved hjelp av teknologi, ta hand om fôr og avføring som søkk til botn, på en berekraftig måte? Korleis kan vi nytte det som ein ressurs i framtida?»



ULLENSVANG og KVINNHERAD

Folgefonnsenteret drøymer om ein installasjon på kaien i Rosendal, som kan vekka nysgjerrigheita til born og unge.

Skap ein installasjon eller attraksjon som kan inspirera barn og unge til å læra meir om klima, hav og berekraft via utstillinga til Folgefonnsenteret.



VOSS og KVAM

Korleis kan Ekstremsportveko, ved hjelp av teknologi, skapa betre opplevingar for barn og unge i form av engasjement og glede når dei kjem til Ekstremsportveko? Lag ei ny oppleving/attraksjon som kan inspirere barn og unge til å bli framtidig deltakar på Ekstremsportveko.


BØMLO, FITJAR og STORD

Produksjonen av oppdrettslaks skapar ein del klimagassutslepp som vi gjerne vil redusere så mykje som mogleg. Dei to største utsleppskjeldene våre er produksjonen av fôrråvarer og transporten av laksen til marknaden.


Korleis kan vi ta i bruk teknologi på nye måtar for å redusere klimagassutsleppa våre og dermed produsere laksen meir berekraftig?


SOGN

Korleis kan ein, ved hjelp av teknologi, motivere folk til å bli flinkare til kjeldesortering, ombruk og/eller å lage mindre avfall.