Årets entreprenørskapslærar i Vestland fylke: Gert Runar Rørvik, Mo og Øyrane vgs, Førde
Gert Runar Rørvik - Mo og Øyrane vgs
Gjennom sitt arbeid inspirerer han elevar til innovasjon og verdiskaping ved å ta i bruk lokalsamfunnet som læringsarena. Elevane kombinerer praktisk arbeid med for eksempel produksjon av lokalmat, og gjennomføring av store arrangement som samlar mange hundre menneske lokalt, også kjent som «Jul i Stallgata». Tidlegare har ungdomsbedriftene vore involverte i prosjekt som «Open Gard» og «Blåtur». Dette er med å skape store verdiar for elevane, skulen og lokalsamfunnet. Gert er lærar på naturbruk og ser verdien av foredling av lokale råvarer, noko han gjerne deler med sine elevar. I tillegg har han UB på hest- og hovslagerfaget der elevane blant anna arrangerer ridekurs og kurs i stell av hest for barn og unge i området. Han ser muligheiter lokalt i det å ta i bruk lokale ressursar og foredle dei på best mulig måte. Det som har blitt skapt på Mo og Øyrane vgs gjennom arbeidet med Gert sine UB’ar og elevar har gitt gjenklang i heile lokalsamfunnet. Dei har klart å bygge gode merkevarer og produkt/tenester som er godt kjent.
Fredag 16 oktober overraska vi Gert med eit besøk frå UE. Sjå filmen her.
Lokalavisa Firda frå Førde var på besøk og skreiv ein flott omtale av Gert og hans mangeårige arbeid som UB lærar. https://www.firda.no/gert-kan-...