Årets entreprenørskapslærar Vestland 2024

Ståle Walsvik frå Høyanger vidaregåande skule vart kåra til årets entreprenørskapslærar Vestland 2024 under Fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter i Førde den 14. mars. Hans engasjement for ungdomsbedriftene på Høyanger vgs. betyr svært mykje både for elevar, lærarar og ikkje minst Ungt Entreprenørskap. Høyanger vgs. er ein skule med svært høg aktivitet når det kjem til entreprenørskap og ungdomsbedrifter. Mellom 80 og 90% prosent av elevane på eit årskull er med i ungdomsbedrift ved skulen kvart år og det er mykje takka vere Ståle sitt engasjement for entreprenørskapsarbeidet. Ståle er ein dyktig organisator som gjennom heile skuleåret legg tilrette for at elevar og lærarar på skulen skal få mest mulig ut av det å drive ungdomsbedrift. Når UE er på besøk ved større arrangement ved skulen, er alt klart på førehand. Ståle har stålkontroll som vi pleier å seie. I tillegg er han UB lærar for elevar som har ungdomsbedrift på elektrofag ved skulen.

Stale Walsvik 01

Ståle er også assisterande rektor ved skulen og avdelingsleiar for yrkesfag. Som lærar og skuleleiar er han oppteken av yrkesfag og at elevane skal oppleve stoltheit for eige fag og yrkesutøving. Ved Høyanger vgs har dei programområda helse- og oppvekstfag, elektrofag og TIF innan yrkesfag. Alle tre programområda har ei eller fleire ungdomsbedrifter i tillegg til at dei også har ungdomsbedrifter på studiespesialiserande. Mange av ungdomsbedriftene tek på seg arbeid for lokale bedrifter, privatpersonar og kommunale institusjonar. På den måten skapar dei verdiar gjennom smarte løysingar og gode tenester for kunden enten det er privatpersonar, bedrifter eller offentlege institusjonar.

Stale Walsvik 02

Frå prisutdelinga under Fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter i Førde 14. mars

Ungdomsbedrifta som Ståle er ansvarleg lærar for dette skuleåret heiter Høyanglampa UB. Dei vart kåra til "Beste Ungdomsbedrift" på fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane delen av Vestland og skal representere fylket på NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 6. og 7. mai. Dette er fyrste gangen at ei ungdomsbedrift frå Høyanger vgs deltek på NM. Bedrifta designar, produserer og sel lamper der motivet er inspirert av kommunevåpenet til Høyanger kommune. Vi gratulerer både Ståle og ungdomsbedrifta Høyanglampa UB med vel gjennomført fylkesmeisterskap og tittelen "Årets entreprenørskapslærar Vestland 2024".

Hoyanglampa

Høyanglampa - designa og produsert av Høyanglampa UB