Bankkonto for ungdoms- og studentbedrifter i Vestland - Sogn og Fjordane

De står fritt til å nytte den banken de ynskjer. Ungt Entreprenørskap Vestland, / Sogn og Fjordane og Sparebank 1 Sogn og Fjordane har ein avtale som vil gjere det enklare for bedriftene å opne ein bedriftskonto.

Klikk her for å gå til Sparebank 1 Sogn og Fjordane for meir informasjon om bedriftskonto

Vel ungdomsbedrifta ein annan bank har Finans Norge (FNO) utarbeida eit informasjonsskriv til bankar som ikkje veit kva Ungdomsbedrift / Studentbedrift er. De kan vise det til banken om de treng meir informasjon for å opprette konto. Informasjonsskrivet ligg HER.

Vi anbefaler dykk å kontakte bankfilialen FØR de besøker banken, enten ved å ringe eller ved å sende ein mail. Kontakt den av filialane som passar best for dykk og sett opp eit møte med en kunderådgjevar. Sparebank 1 Sogn og Fjordane har filial i de fleste kommunane i fylket.

Sparebank 1 Sogn og Fjordane nettside

Kontoavtalen som ein får i banken, skal signerast av dei elevane som etter vedtektene har signaturrett. Sjå punkt 4c i dykkar vedtekter om kven som har signaturrett. Lærar (kontaktperson) skal ikkje behøve å signere. Kontoen vert gjort opp ved avvikling av ungdomsbedrifta / studentbedrifta.

Økonomiansvarleg eller andre som har myndigheit frå bedriftseigarane/deltakarane etter avtale med banken, kan disponere bedriftskontoen åleine blant anna via Nettbank privat og/eller Bedriftskort med Visa.

Alle ungdoms- og studentbedrifter som opprettar bedriftskonto hos Sparebank 1 Sogn og Fjordane får kr. 500,- på konto i oppstartskapital frå banken.

Vipps

De kan bestille vippsnummer til bedrifta etter at de har fått eit organisasjonsnumer. Den som bestiller Vippsnummer må kunne signere med BankID. Avtalen skal signerast i samsvar med signaturberettiga i vedtektene, og de må difor sende vedtektene til driftkontovippsbedrift@dnb.no. De må sende vedtektene samstundes som de bestiller Vippsnummer.

Ynskjer de å lese meir om Vippsnummer, kan de sjå informasjon om dette på Sparebank 1 Sogn og Fjordane sine nettsider her

BankID

Sparebank 1 Sogn og Fjordane tilbyr både BankID og BankID for mindreårige(13-17 år). Du finn meir informasjon om BankID og bestilling av dette på banken sine nettsider: Informasjon om BANK ID

Dersom du har privatkundeforholdet ditt i ein annan bank, må du bestille BankID der.