Fylkesmeisterskapen Vestland avd. Nord - vinnarane er klare!

På Kroken UB frå Stryn vgs er beste ungdomsbedrift i Vestland avd. Nord (gamle Sogn og Fjordane). I jurygrunngjevinga står det:

"På Kroken UB har utvikla eit nytt og smart produkt med stort marknadspotensiale. På Kroken UB si løysing for oppheng av sekkar og vesker fremjar HMS, er berekraftig gjennom produksjonen og har potensiale for stor omsetnad. Produktet kan utviklast vidare, både når det gjeld design og marknad, og vil gjere kvardagen litt enklare – på skulen og på jobb."
Jury beste ungdomsbedrift
Pa Kroken UB
På Kroken UB - Stryn vgs

Beste studentbedrift i Sogn og Fjordane er Placåbo SB. Dei kjem frå Høgskulen på Vestlandet, ingeniørfag. Placåbo SB utviklar og sel teikningar til mikrohus. På sikt vil dei også selge ferdig designa mikrohus.

I juryen si grunngjeving står det:

Vinnaren i klassa årets studentbedrift kan vise til eit særs godt gjennomtenkt og dokumentert konsept. Dei viser til eit stort potensiale for produktet i den nasjonale marknaden, og til internasjonale trendar som viser det same. Dei synleggjer utfordringar, men peikar samstundes på løysingar. Dei viser at dei har kontroll på aktuelt gjeldande regelverk. Økonomiplan og gjennomføringsplan er godt dokumentert, og speglar ei realistisk vurdering av korleis verksemda kan utvikle seg vidare.
Teamet verkar å vere solid og utfyllande, noko dei og peikar på. Dei viser og til område der dei manglar kompetanse, og derfor må styrke seg. Dei er bevisst på å bygge viktige nettverk som skal hjelpe dei vidare i arbeidet med satsinga. Graden av innovasjon i prosjektet kan diskuterast, all den tid dei har etablerte konkurrentar i marknaden både nasjonalt og internasjonalt. Juryen meiner konseptet viser til høg grad av berekraft, då spesielt med tanke på å gi tilbod til ei gruppe menneske utan stor kjøpekraft i ein pressa marknad.

PlacåboSB
Placåbo SB - Høgskulen på Vestlandet

For fullstendig resultatliste sjå: www.uevestland.com